Kurskveld i samband med etablererkurs om sosiale medier, var open for alle 30. januar. Nesten 40 deltakarar fekk ei god innføring i bruken av sosiale medier, og då spesielt bruk av Facebook. Kurshaldar var Siril Stegane frå firmet «Communicated by Siril»
Mange på kurset var ferske i bruk av sosiale medier, og Siril gav mange gode råd for å kome igang.

 

 

 

Siril Stegane

Siril Stegane er sjølv nyetablert i Sigdal med firmaet «Communicated by Siril»

 

Sosiale medier er ein toveis- og massekommunikasjon. Ein deler informasjon og hentar kunnskap, og forbruker og produsent går hand i hand. I dei nye mediene kan forbrukaren fortelje produsenten kva han vil ha, og produsenten tilbyr det forbrukaren vil ha.

Etter å ha prata litt om dei ulike media (Facebook, Instagram, You Tube, Twitter m.m) stilte Siril mange gode spørsmål, som er viktig å tenke gjennom før ein går i gang med å bruke sosial medier, m.a.:

  • Kva er bedrifta sitt mål med å delta i sosiale medier?
  • Kven vil de prate til?
  • Kva kan de prate om?
  • Kva er de unike på?

 Bruk av sosiale medier er er som å prate med folk.

Oppfør deg!

Ver ærleg og engasjert, by på deg sjølv, ikkje tenk som ei pressemelding.
Tenk omdømme, gje tilbakemeldingar.
Svar på ein skikkeleg måte, sjølv når det er negative tilbakemeldingar.

Rett og slett: Oppfør deg!

 

 

Facebook har etter kvart vorte ein plass der bedrifter ynskjer å presentere seg, og selge sine produkt. Regelverket rundt kva som er lov og ikkje, er stadig i endring, og mange har gjort feil. Det kan i verste fall føre til at sidene blir fjerna. Siril gav difor mange eksempel på kva som er innanfor og kva som er utanfor gjeldande regelverk for til dømes konkurranser, og å få folk til å «like» sider eller produkt.

Forsamlinga lytta og lærte, og skal me gjette, var det mange som logga seg inn på Facebook då dei kom heim.