Korleis lage eigen nettside, korleis bli synleg på nett, korleis skrive på nett? Korleis bruke ulike google-verktøy, korleis bruke Sosiale Media til markedsføring?

Dette var nokon av spørsmåla som Hallstein Søvik frå e-senteret kunne gje svar på til 30 lydhøyre tilhøyrar på kurs 19. februar.
Google FBKorleis me søkjer på nett, og korleis me brukar sosiale media endrar seg dag for dag, og det er viktig å fylgje med på kva som skjer. Grunnlaget for å bli synleg er ei eigen nettside.
Viktig å tenke på når ein skal etablere nettside er:
– Tenke målgrupper
– Alle enkeltsider skal ha eit mål
– Kva vil du at brukaren skal gjere?

Facebook har enorm rekkevidde, og der kan verksemda drive direkte markedsføring og kundeservice utan at det kostar noko.

Hallingdal etablerersenter har hatt nett og sosiale media som tema på etablererkurs i mange år. Denne kvelden har vore opne for alle, og det er interessant å observere at nokon deltek år etter år. Det viser at dette er eit tema som engasjerer, og som er aktuelt.
Neste år kan det vere noko nytt å lære, så velkomen attende.

Vil du vite meir, eller ta kontakt med kurshaldar Hallstein Søvik, kan de lese meir om han og eSenteret her