Gjensidige Hallingdal er i ferd med å etablere fond på 10 millionar kroner, som skal vera med å hjelpe fram nye bedrifter. Gjensidige arbeider med vedtektene for fondet i desse dagar. Utgangspunktet er at dette skal vere eit risikofond, men håpar sjølvsagt at pengane skal gje avkastning.

Hallingdal Etablerersenter synest det er flott at lokalt næringsliv engasjerer seg direkte i næringsutvikling. Det  vert meir og meir krevjande å lukkast med nye produkt og produktutvikling. Kapital og kunnskap er det som oftast må til, og difor er initiativet frå Gjensidige viktig. 

Etablerersenteret vil følgje opp med meir informasjon når vedtekene er på plass.