Hallinglos as vart etablert i februar i 2012, etter å ha vore tre kveldar på etablererkurs. Etablererkurset var som ein katalysator for meg, seier Ragnhild Halbjørhus, eigar og tilsett i sitt eige as. I tillegg til at sjølve kurset er veldig bra, fekk eg tilbakemeldingar på forretningsideen min, som gjorde at eg turde satse. Gjennom prosessen med forretningsplanen, måtte eg tenkje og konkretisere ideen min, og dette gjorde at eg etter ti kveldar på etablererkurs har etablert min eigen arbeidsplass. Trond Ask-Henriksen har vore ein støttespelar i prosessen, og gjeve gode råd. Kurset er så konkret og praktisk at ein ikkje treng nokon forkunnskap for å gå der, utanom å ha ein ide!

Les meir på hallinglos.no